For professor Audun Rikardsen ved Universitetet i Tromsø er forsking og foto litt av same alen, begge deler handlar om nytenking og langsiktig planlegging. På skjermen ett av vinnerbildene. Foto: Kari Johanna Tveit, Universitetet i Tromsø

Professor med talent for foto

For professor Audun Rikardsen frå Tromsø (opprinnelig fra Steigen) er foto ein viktig del av forskingsformidlinga, og han gjennomfører med stil. To av bileta hans er kåra til årets naturfoto i 2013.

Publisert
10. april, 2013 klokken 14:09

Journalist Lokalavisa NordSalten
lokalavisa@nord-salten.no
Kari Johanna Tveit, Universitetet i Tromsø Kari Johanna Tveit, Universitetet i Tromsø
Publisert: 10. april, 2013 klokken 14:09
Oppdatert: 10. april, 2013 klokken 14:12

I går vart vinnarane av årets foto i den nordiske meisterskapen i naturfoto offentleggjort, og professor Audun Rikardsen på Institutt for arktisk og marinbiologi ved Universitetet i Tromsø gjekk atter ein gong av med sigeren i fleire kategoriar.

I 2012 vart han kåra til nordisk meister i naturfoto. Same hausten fekk han andreplass i europameisterskapen i naturfoto og i år har han igjen vunne to kategoriar i den same nordiske meisterskapen.

Foto og forsking handlar om nytenking

Dei fleste bileta tek Rikardsen i fritida, eller under feltarbeid, men han ser likevel ei sterk kopling mellom hobbyen som naturfotograf og rolla som professor og forskar i ferskvass- og marinbiologi.

-Dersom du skal hevde deg innan naturfoto må du tenke kreativt på same måten som ein må innafor forskinga. Begge deler handlar om nytenking og planlegging over tid, seier Rikardsen. Han trur eigentleg han har ei føremon som forskar fordi dei er vane med å jobbe på denne måten.

-Når du skal komme igjennom nålauge med eit nytt forskingsprosjekt må du tenke nytt og kreativt, og det må vere godt planlagt. Du må skilje deg ut frå andre, og det er det same som skjer når du skal planlegge eit bilete. Det ligg mykje meir arbeid bak eit godt bilete enn det mange trur, seier Rikardsen.

Dei aller fleste av dei gode bileta hans er planlagt nøye på førehand, og han har brukt mykje tid på leite etter det perfekte tidspunkt.

-Andre bilete igjen kan vere eit resultat av litt flaks, men flaksen kjem ikkje tilfeldig. Flaksen kjem når du har tilrettelagt for det og er førebudd, og gjerne tør å ta sjansa. Sånn er det også med forsking, seier Rikardsen.

Brukar foto i folkeleg formidling

God forsking handlar også om presentasjon av resultat, og for Rikardsen sin del er det viktig å kunne bruke gode bilete som illustrasjonar under føredrag og i undervisningssamanheng.

-Foto, film og populærvitskapleg formidling har tatt meir plass i seinare tid, og eg ser krafta i dette. Vi når fram til mange fleire når vi klarer å formidle stoffet vårt på ein meir folkeleg måte, og eg som forskar bør mellom anna gi noko attende til dei lokalsamfunna eg arbeidar i. Dette har vi ikkje vore flinke til tidlegare, men det bør vi bli meir beviste på. Det gjev oss mykje betre respons over tid, seier Rikardsen.

I fylgje den profilerte professoren frå Tromsø er det ikkje nok å presentere vitskaplege publikasjonar som berre blir lest av spesielt interesserte forskarar.

-Vi må ha begge deler, men den populærvitskaplege formidlinga når fram til eit breiare publikum, og er kanskje den aller viktigaste, seier han.

Les også


Tegn et abonnement på Lokalavisa NordSaltens papirutgave eller kjøp en elektronisk utgave (PDF).

Regler for kommentering

Diskutér "Professor med talent for foto" på Facebook





Mest lest Folkets bilder Gratulasjoner Siste Aktiviteter Rubrikk

Feil: Vennligst fyll ut alle felter markert med rødt og prøv igjen.