Maria Almli til Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Maria Almli frå Steigen er tilsett i forskarstilling ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) frå 01.01.15. Ho kjem frå jobb som seniorrådgivar i KUN.

Publisert
24. desember, 2014 klokken 08:00

Journalist Lokalavisa NordSalten
lokalavisa@nord-salten.no
Pressemelding Pressemelding
Publisert: 24. desember, 2014 klokken 08:00
Oppdatert: 24. desember, 2014 klokken 13:47

Almli har brei erfaring med lokalt og regionalt utviklingsarbeid, og har ein fagleg profil som samsvarer med sentrale satsingar ved HLB. Ho arbeider også med ei doktoravhandling ved Universitetet i Nordland om bygdeutvikling. Utover dette er Almli kanskje mest kjent for sitt store engasjement for jakt, fiske og friluftsliv. Ho sit i dag i styret for både Friluftsrådenes landsforbund og Norges jeger- og fiskerforbund.

Rektor ved HLB, professor Dag Jørund Lønning, ser tilsetjinga av Almli som viktig for å oppretthalda og styrka høgskulen sitt nærvær i nord:

- Maria brenn for Nord-Salten, Nordland og Nord-Norge, og dette er svært viktig for oss.

HLB er nok den kunnskapsinstitusjon i Noreg som har mest fokus på distrikt og småsamfunn. Positiv utvikling for spreidde lokalsamfunn i nord krev målretta og skreddarsydd kunnskap. Denne har HLB, og med tilsetjinga av Maria gjev me eit tydeleg signal om at me ønskjer å vera ein aktiv kunnskapspartnar i lokal og regional utvikling i Nordland.

Lønning har sjølv arbeidd mykje med lokal utvikling i Nord-Salten tidlegare (Hamsunsatsinga i Hamarøy, Tilflyttingsbygda Finnøy og prosjektet Liv i Fjøsan), men ser det nødvendige i å vera fysisk til stades i regionen for å oppretthalda aktiviteten:

- Maria Almli får kontor i heimkommunen Steigen, og dette blir i praksis eit lite lokalkontor for HLB. Dette er eit spennande steg for oss for organisasjon. Me gler oss til å utvikla nye kontaktar og partnarskap i regionen, og til nye aktivitetar både når det gjeld regionalt tilpassa studietilbod og utviklingsprosjekt. For framtidig utvikling i Nord-Salten og andre bygderegionar i nord kan dette nærværet bli viktig. Maria får eit dedikert og veldig sterkt fagmiljø rundt seg i det viktige arbeidet med å sikra livskraftige grender, tettstader, næringar og lokalsamfunn.


Tegn et abonnement på Lokalavisa NordSaltens papirutgave eller kjøp en elektronisk utgave (PDF).

Regler for kommentering

Diskutér "Maria Almli til Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)" på Facebook





Mest lest Folkets bilder Gratulasjoner Siste Aktiviteter Rubrikk

Feil: Vennligst fyll ut alle felter markert med rødt og prøv igjen.